Mens Nasjonalbiblioteket, landets nye kanoniseringsmaskin, feirer Thorbjørn Egner, sier Karin Sveen i Dag og Tid (foreløpig bare på papir) at hun «høyrer ikkje til mellom dei som skal feira lesebøkene hans. Sjølv hadde eg Nordahl Rolfsens lesebok dei fyrste åra på folkeskulen, og utan den boka hadde eg ikkje alt som tiåring vorte kjend med Wergeland og Bjørnson, Ibsen, Aasen og Garborg, heller ikkje sagaane, eventyra og folkevisene, alt illustrert av landets fremste kunstnarar. No vert slikt rekna som keisamt og gamaldags, med det som følgje at ein slepp å streva med teksten og tola strevet. Då Nordahl Rolfsen i femte klasse vart bytt ut med leseboka til Thorbjørn Egner, stal eg Rolfsen med meg heim. På skulen skulle ei morosam tid ta til, med Ola-Ola på Heia og snåle dyr i Hakkebakkeskogen. Forteljingane gleid ned som godteri og brus, det var barnetime heile veka. Kjensla av å læra noko forsvann, der vi segla over boksidene som papirfly og landa i den koselege famnen til Bamse Brakar».
Egner i 100: – Som godteri og brus
Advertisements
Posted in: Uncategorized
Posted on februar 13, 2012
0