Bibliotekspøkelset ikkje på 5th Avenue

Posted on mars 14, 2010

0


Kortkatalog type gammel

Underhandlingsbransjemagasinet Variety kunne 7. februar slå fast at det kvinnelege bibliotekarspøkelset som gjorde at millionar i 1984 sette popkornet i halsen under den første  Ghostbusterfilmen, ikkje var heimehøyrande i New York Public Library (NYPL) på 5th Avenue på Manhattan , men i Doheny Library på University of Southern California (USC).  Eksteriørbileta frå dette spøkelsesutryddingsoppdraget var frå det legendariske biblioteket på Manhattan, mens det altså blei brukt eit ”stand-in-bibliotek” i interiøropptaka.

Dette kom for dagen i takketalen for ein pris for beste filmanus som blir delt ut av universitetsbiblioteket ved USC kvart år. Vinnaren var Jason Reitman, sonen til Ivan Reitman, regissøren av  Ghostbusterfilmane, og sonen nytta høvet til å lekkje denne ikkje uvesentlege detaljen.

Bibliotekarar som såg filmen blei i tillegg til den relativt opprivande opplevinga av kollegaspøkelset djupt forskrekka over den store mengda av katalogkort som flaug ut av katalogskuffane og hamna på golvet. Skrekken låg ikkje så mykje i at det ville bli ein forferdeleg ryddejobb, men at eit så renommert bibliotek som NYPL ikkje hadde katalogspyd for å  halde korta på plass! Men no kan vi altså skulde på eit bibliotek eit heilt kontinent vekke.  AE

Posted in: Uncategorized