Wolfram – eit framsteg?

Posted on juni 5, 2009

3


wolfram logo2009 har alt bydd på fleire ”revolusjonar” i og omkring bibliotekfeltet; bl.a. ei stortingsmelding som skal bety eit stort løft, bokhylla.no med 40 tusen digi-bøker og gjennombrotet for den kommersielle e-boka i USA.

Og som om ikkje det var nok, blei nyleg søkjemotoren Wolfram Alpha lansert, som seiast å vere noko av det nærmaste ein kjem ”intelligent” datahandsaming. Kanskje eit element til den framtidige ”semantiske verdsveven”, der vi kan stille spørsmål i naturleg språk og få ”komplette” svar, ikkje berre trefflister som i Google. Svært kort fortalt sankar WA data frå fakta-, statistikkbasar m.m. og set dei saman til nye tabellar, grafar og ”artiklar”.

Kva seier så kommentatorane etter dei første par vekene med WA? Mange meiner Wolfram er for spesiell til å bli den Google-killeren han blei lansert som. Men, spør nokre seg, vil Wolfram konkurrere ut bibliotekarane?

– Nei, svarar bibliotekaren og bloggaren Rory Litwin. Wolfram er ifølgje han ein ”bad idea” og ein ”intellectual travesty”. Tenesta er ”svært uansvarleg” og ”eit teikn på sjuka som heiter manglande refleksjon”: ”Om folk begynner å stole på WA til å løyse verkelege praktiske problem, vil han vere skadeleg for samfunnet, kulturen, miljøet og menneskesjela”. Litwin imøtegår dei som meiner vi ikkje må avvise teknologi som sparer oss for mykje rutinearbeid. Det WA ”sparer” oss for, seier Litwin ironisk, er arbeidet med kvalitetskontroll av data og om ulike sett statistikk kan handsamast på fornuftig vis av WA. Og slik kontroll må vi ikkje gje frå oss til maskinar. Kor ofte ser vi ikkje at datasett, til dømes statistikk frå to ulike land eller leverandørar, berre er tilsynelatande like? Denne kontrollen er noko menneske må utføre; dette burde vi ha lært oss etter finanskrisa nyleg, meiner han.

Ein annan debattant meiner Wolfram kan undergrave felles kunnskapsstrukturar, ikkje ved openlyst å hindre tilgang til informasjon, men ved å sentralisere og å tilby value-added informasjon på eit så tilgjengeleg og lettvint vis at folk vil nedprioritere alternativet, nemleg eigne undersøkingar.

Posted in: Uncategorized