Wolfram – eit framsteg?

wolfram logo2009 har alt bydd på fleire ”revolusjonar” i og omkring bibliotekfeltet; bl.a. ei stortingsmelding som skal bety eit stort løft, bokhylla.no med 40 tusen digi-bøker og gjennombrotet for den kommersielle e-boka i USA.

Og som om ikkje det var nok, blei nyleg søkjemotoren Wolfram Alpha lansert, som seiast å vere noko av det nærmaste ein kjem ”intelligent” datahandsaming. Kanskje eit element til den framtidige ”semantiske verdsveven”, der vi kan stille spørsmål i naturleg språk og få ”komplette” svar, ikkje berre trefflister som i Google. Svært kort fortalt sankar WA data frå fakta-, statistikkbasar m.m. og set dei saman til nye tabellar, grafar og ”artiklar”.

Kva seier så kommentatorane etter dei første par vekene med WA? Mange meiner Wolfram er for spesiell til å bli den Google-killeren han blei lansert som. Men, spør nokre seg, vil Wolfram konkurrere ut bibliotekarane?

- Nei, svarar bibliotekaren og bloggaren Rory Litwin. Wolfram er ifølgje han ein ”bad idea” og ein ”intellectual travesty”. Tenesta er ”svært uansvarleg” og ”eit teikn på sjuka som heiter manglande refleksjon”: ”Om folk begynner å stole på WA til å løyse verkelege praktiske problem, vil han vere skadeleg for samfunnet, kulturen, miljøet og menneskesjela”. Litwin imøtegår dei som meiner vi ikkje må avvise teknologi som sparer oss for mykje rutinearbeid. Det WA ”sparer” oss for, seier Litwin ironisk, er arbeidet med kvalitetskontroll av data og om ulike sett statistikk kan handsamast på fornuftig vis av WA. Og slik kontroll må vi ikkje gje frå oss til maskinar. Kor ofte ser vi ikkje at datasett, til dømes statistikk frå to ulike land eller leverandørar, berre er tilsynelatande like? Denne kontrollen er noko menneske må utføre; dette burde vi ha lært oss etter finanskrisa nyleg, meiner han.

Ein annan debattant meiner Wolfram kan undergrave felles kunnskapsstrukturar, ikkje ved openlyst å hindre tilgang til informasjon, men ved å sentralisere og å tilby value-added informasjon på eit så tilgjengeleg og lettvint vis at folk vil nedprioritere alternativet, nemleg eigne undersøkingar.

About these ads

3 kommentarar til “Wolfram – eit framsteg?”

  1. Det er et meget godt poeng. WA er ikke bedre en stedene de hanter data fra, og de stedene kan være gale. Et sjåvinistisk eksempel: Trondheim har i følge WA 147139 innbyggere, mens Stavanger har 173132. Ifølge SSB er Trondheim fortsatt størst!

    Litt googling gir at WA muligens henter informasjonen fra
    Geonames, http://www.geonames.org/NO/largest-cities-in-norway.html, og når tallene der er gale står vi der. En annen ting er at det virker som utrolig mange andre også henter tallene fra samme kilde, Googling på

    trondheim 147139

    ga deprimerende mange treff. Jeg skulle gjerne visst hva den oprinnelige kilden er. Det er ikke wikipedia.
    Even

  2. http://no.wikipedia.org/wiki/Stavanger

    Stavanger har 120 000 innbyggere. Det Wolfram muligens sikter til er at Stavanger har sammenhengende bebyggelse med Randaberg og Sola, og dette området ender opp med over 180 000 innbyggere. Å regne slik blir feil. Sandnes hører ikke til Stavanger! Derfor vil jeg absolutt si at Wolfram tar feil her, så litt god gammel kildekritikk er nok fortsatt ikke helt fossilt…

  3. Det er truleg denne statistikken, som fokuserer på tettstader som går på tvers av kommunar: http://www.ssb.no/emner/02/01/10/beftett/tab-2009-06-16-01.html

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 303 other followers

%d bloggers like this: